G-KRAFT

G-KRAFT  2024: 15 unge talent frå heile Gudbrandsdalen åpna Tindekonserten og Gudbrandsdal Musikkfest 2024. Foto: Anders Lillebo 

INGEN FEST UTAN UNGDOM!

På alle konsertane under Gudbrandsdal Musikkfest spelar barn og ungdom opp saman med profesjonelle musikarar – til gjensidig motivasjon og glede!

Varm takk til alle unge, lokale musikarar for bidrag på konsertane våre – og til framifrå kulturskular og videregåande skular i dalen for entusiasme og samarbeid.

 

«Denne festivalen har tatt vare på ungdommmen. Disse unge som skal komme opp og fram, dei får jo no masse medisin. Det er som å gi dem ei dose med D-vitamin. Det er sol hele året»

                                                             – Konferansier Per Sundnes

UNG MUSIKKFEST 2024

G-kraft vart lansert og med mentor Ørnulf Dyve åpna unge folkrockere Tindekonserten før Gudbrandsfest på Rudi Gard med same ungdomsgjeng og Gangar lyfta taket på Rudilåven. På alle dei øvrige konsertane på musikkfesten var det også unge songarar og musikere på scena. Vi hadde også for fyrste gong eit svært vellykka samarbeid med RingsakerOperaen si operasating mot unge solistar. 

UNG MUSIKKFEST 2023

Unge musikalske talent frå heile Gudbrandsdalen og Lillehammer deltok på alle konsertane under Gudbrandsdal Musikkfest – mellom dei Tindekonserten.

Sjå program for meir info

UNG MUSIKKFEST 2022

Nær 60 unge musikarar fullførte prosjektet som vart avslutta under musikkfesten sin åpningskonsert med Kringkastingsorkesteret (KORK) den 30. september 2022. Dei unge musikarane åpna konserten med tre fellesnummer, og 14 av dei eldste spelte i tillegg eit nummer saman med KORK og læraren sin, Bjørn Kåre Odde.

UNG MUSIKKFEST 2021

I samarbeid med FolkRekrutt og Elsine Haugstad inviterte Gudbrandsdal Musikkfest hausten 2021 born og unge frå heile Gudbrandsdalen til eit musikalsk samarbeid sentrert rundt musikken til Ole Hjellemo. 

Samarbeidspartnere:

Offentlege bidragsytere:

Lillehammer kommune
Lom kommune
Dovre kommune                                                                     
Nord-Fron kommune
Sør-Fron kommune
Ringebu kommune
Vågå kommune

Innlandet fylkeskommune

Interkommunalt politisk råd Nord-Gudbrandsdalen

Regionrådet for Midt-Gudbrandsdalen