Kokken Tor
Tor Jørgen Kramprud Arnesen, og kjend frå suksessen Flying Culinary Circurs, er grunnleggjar av Kokken Tor.
Frå kokkelærling, til gründar i det berømte og anerkjende kokketeamet Flying Culinary Circus, har Kokken Tor opplevd det meste; lagd mat og servert internasjonale stjernar som Beyonce, Shakira, Guns’n Roses, Pharrell Williams, Hugh Hefner og Sarah Ferguson. Han har delteke i utallige matprogram, og er ein kjend skikkelse frå Youtube-kanalen til Flying Culinary Circus.
Nå har omsider Kokken Tor vendt nasen heimover og har etablert sitt nye konsept «Gourmet på 1-2-3» heime på familiegarden. Tor skal sjølvsagt halde fram med det internasjonale eventyret sitt, men styrer nå matimperiet frå si nye base i Øyer kommune.
Under Gudbrandsdal Musikkfest inviterer han i lag med like lokal og internasjonalt bereist mezzosopran Ingeborg Gillebo til musikkfestmiddag på Jevne Gård i lag med vertskapet Inger-Lise og Erling Jevne. Gled deg!