Cam Kjøll
Cam Kjøll er ein internasjonalt ettertrakta kammermusikar, solist og orkesterleiar.
Cam er født og oppvaksen i Oslo og starta med fiolinundervisning då dei var seks år. Frå Cam var tolv år fekk dei plass og vidare undervisning ved Barratt Due musikkinstitutt. Etter studiar i Sveits, USA, Noreg og London, fekk Cam jobb som 1.konsertmeister i Den Norske Opera & Ballett og har seinare arbeidd i same stilling i Luzern Symfoniorkester, WDR Sinfoniorchester og Houston Symphony.
Cam har dei siste åra delteke på ei rekke internasjonale festivalar og vore solist med – og leiar av – dei største kammer- og symfoniorkestra i Noreg.
Cam har spela mange solokonsertar med pianisten Christian Ihle Hadland, og saman har dei nyleg starta ein pianotrio med cellisten Louisa Tuck. I tillegg til å spele mykje kammermusikk, er Cam lidenskapeleg oppteke av pedagogikk og har hatt fleire undervisningsstillingar. Cam er også kunstnerisk leiar for festivalen Fjord Classics saman med Lars Anders Tomter.