Orkester Innlandet

Orkester Innlandet er eit profesjonelt strykerensemble tidlegare kjent som Sinfonietta Innlandet. Sidan 2000 har den internasjonalt anerkjende fiolinisten Atle Sponberg, oppvaksen i Gjøvik og med bakgrunn frå kulturskolen der, vore kunstnerisk leiar.

Ensemblet har gjennomgått ei rivande utvikling, både i antall prosjekt og i kunstnerisk nivå. På Sveisesymfonien på Lonbakken Mekaniske kan du oppleve ein strykekvartett frå Orkester Innlandet med musikarane: Marius Westling, Angelika Faber Karsrud, Henrik Hannisdal og Hilda Sponberg Hansen.