Stian Carstensen
Stian Carstensen er ein av verdas fremste mulitinstrumentalistar. Han trakterer både trekkspill, gitar, banjo, sekkepipe, bulgarsk fløyte, pedal steel gitar, fiolin og leirgjøk.
Stian er fra Eidsvoll og kjem fra ein familie med 5 generasjonar trekkspelarar på begge sider. Han er kanskje mest kjend fra bandet Farmers Market, men har også markert seg som soloartist, solist og konferansier. Stians repertoar består av ein miks av hjemmelagde og importerte musikalske element med hovudvekt på jazz, balkansk folkemusikk, bluegrass, country, og klassisk musikk. Han hamra ofte saman humoristiske viser gjerne på eidsvollsdialekt,og praktiserer improvisert verbalhumor av ypperste merke på scena. Musikalsk brådiktning over forslag fra publikum er eit varemerke.
Stian har samarbeidd med folk som Elias Akselsen, Jerry Douglas, Michael Brecker, Arve Tellefsen, Mike Patton, Wenche Myhre, Jacob Collier, Arve Henriksen, Anne Sofie von Otter, Øystein Sunde, Mathias Eick Alf Cranner, Lars Saabye Christensen og med orkestre i inn og utland. Carstensen har motteke to spellemannpriser og Telenors kulturstipend for grenseløs kommunikasjon.
Av kuriøse faktaopplysningar kan det nevnes at han har vore på hitlistene i Azerbaijan, vorte drapstraa på scena i Kazakstan og har moteke dødsstruslar i brevsform etter å ha skreve tekst og musikk til ny nasjonalsang for Norge på oppdrag fra NRK.
Vi gler oss til å kunne presentere Stian Carstensen på Gudbrandsdal Musikkfest!