Knut Buen

Knut Buen er fødd 31 oktober 1948 og bur i Tuddal i Telemark der han også har heim og base for verksemdene sine. Både på mor og farsida er han ætta frå folkekunstnarar, i fleire generasjonar. Det gjeld skapande og tradisjonsberande utøving i både musikk, kunst og handverk. Han opplevde å veksa opp i miljø der alle desse faguttrykka var levande i miljøet og han lærte seg å spela hardingfele i ein alder av 9 år. Han gjekk vanleg folkeskule i åtte år, men blei seinare mest oppteken av å nytte tida på å lære og samle slåttar, folketonar og folkeminne og forteljing frå eldre kjelder han også blei personleg vener med. Han lærte seg rundt 500 slåttar, og byrja verka som profesjonell konsertmusikar alt frå tenåra. Han gjorde, samstundes, kontinuerleg, innsamling av folkeminne og folkemusikk og stifta eige forlag for utgjeving av fonogram i ulike format, artiklar og bøker. Frå forlaga Rupesekken, Nyrenning og Buen Kulturverkstad har soleis rundt 150 publikasjonar funne vegen ut til interesserte brukarar og nedlastning på nett. Knut Buen har komponert mange titals slåttar og over hundre melodiar til eigne tekstar. Knut er også tekstforfattar og musikar på oppdrag og har gjort ei rekke musikalske verk i samarbeid med arrangørar innan ulike musikksjangrar.

Knut Buen er Professor II ved Norges Musikkhøgskole frå 2017. Han var Statsstipendiat frå 1989 til 2018. Han vart slått til Riddar 1. klasse av St. Olavs Orden i 1999. Av prisar nemnest Telemark Fylkes kulturpris, Anders Jahres kulturpris, Hilmarprisen, Spellemannprisen, Gammlengprisen, Lindemans Legat, Telemark Mållag sin pris, Æresmedlemskap i Folkorg og Myllargutens gullmedalje 1979.