ARTISTAR
Foto: Julia Marie Nagelstad
Foto: Fotokredit: Gorm Valentin
Bjarte Eike
Bjarte Eike har gjort karriere på barokkfiolin ved å spele seg frå pub til pub, frå Gjøvik og ut i verda. Bjarte er kunsterisk leiar for Barokksolistene som han starta i 2005. Eike og Barokksolistane har vore nominert til Spellemannsprisen i klassisk to gongar. Bjarte har også vore medlem av Magnetic North Orchestra og Oslo kammerorkester. Barokksolistane kan du oppleva på to konsertar under årets Musikkfest med Purcell i Lillehammer og Ale House Sessions på Rudi Gard.
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Bjørn Tomren
Polka-Bjørn. Stjernekamp-Bjørn Strupesang-Bjørn. Kjær artist har mange namn - og Bjørn Tomren lev opp til dei alle. Og meir til!
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Ingeborg Gillebo
Ingeborg Gillebo fra Øyer er utdanna ved Norges Musikkhøgskole og ved Operaakademiet i København. Mezzosopran Ingeborg Gillebo er ikkje som andre verdsartistar - og gudbrandsdølar. Med fjøsveggen heime på Øyer som publikum og etter kvart kulturhus i heile dalføret som scener, la Ingeborg grunnlaget for ei karriere som internasjonal mezzosopran med opptreden på ei rekkje av dei fremste operahusa og konserthusa i verda. Gjennom Gudbrandsdal Musikkfest har Ingeborg funne arenaer til å gi attende til dalføret ho brenn for og kjenner seg heime i - på eit vis som lyfter ein kvar konsert. I 2010 debuterte Ingeborg ved Den Kongelige Opera i København som Margret i Wozzeck og ved Den Norske Opera & Ballett som Cherubino i Figaros bryllup. Sidan då har Gillebo opptrådt på flere store festivaler og ved operahus som Metropolitan Opera, Opernhaus Zürich, Theater an der Wien, Opéra Royal de Versailles, Festspielhaus Baden-Baden, Bayreuth Festival og Drottningholm Festival Stockholm. Gillebo sin varme, fyldige mezzo er etterspurt og vi er stolte over å kunne presentere ho på musikkfesten. Ingeborg er og ei viktig stemme i programrådet til Gudbrandsdal Musikkfest.
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Foto: Lars Opstad
Kjetil Bjerkestrand
Multimusikar, arrangør, produsent, komponist og naturelskar Kjetil Bjerkestrand er busett i Kvitfjell midt i Gudbrandsdalen, men har eit enormt musikalsk nedslagsfelt. "Det du bryner deg mest på, lærer du mest av", seier mannen som har arbeidd med Ray Charles, Dee Dee Bridgewater, Sissel Kyrkjebø og A-ha. Som musikar har han i tillegg til eigne innspelingar, spelt saman med fleire av de overnevnte, samt Dance with a Stranger, DumDum Boys, Jonas Fjeld, Marius Müller, TNT, Arve Tellefsen, Bjørn Eidsvåg og Carola Häggkvist, for å nevne nokon. Han har har også komponert musikk til fleire filmar, tv-seriar, teaterstykker og historiske spel. Han hadde eit tett samarbeid med Ivo Caprino i over 10 år og komponerte musikken til alle supervideograf-filmane hans. Kjetil Bjerkestrand er ein del av styret og programrådet i Gudbrandsdal Musikkfest i tillegg til at han er kunstnerisk leiar for Festspillene i Kristiansund.
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Lesja barnekor
Evigunge Lesja barnekor syng av full hals på tredje tiåret - og er ei oppleving i sangglede og toneleik.
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Luftforsvarets musikkorps
Luftforsvarets musikkorps har 200 år lang historie og er rekna som eitt av Europa sine leiande militærkorps. Korpset vart opprinneleg oppretta i 1818 som 5. brigades musikkorps og seinare som 5. divisjons musikkorps og Forsvarets musikkorps Trøndelag. I over hundre år var korpset Trondheim sitt einaste profesjonelle ensemble. Etter overgangen til Luftforsvaret har korpset gått fra å vere eit korps for Midt-Norge til å ha heile landet som arbeidsområde - og har ein sterk nasjonal profil.
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Madam Jam
Sprudlande og banebrytande liveband toppa med sju leiande folkemusikarar på banjo, elgitar, bratsj, gitar, torader, kontrabass. Gløym alt du trudde du visste om folkemusikk – nystarta og nyskapande Madam Jam kan minne om dampande bluegrass og spenstig irsk folkemusikk. Bli betre kjend med Madam Jam her her!
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Martin Steinum Brun
Som songar har Martin Steinum Brun verka innan både klassiske og folkemusikalske rom, både som solomusikar og i ulike ensemble, til dømes i kvedartrioen Rakkarpakk. Etter to år med klassisk skolering ved Griegakademiet i Bergen, tek han no ein bachelor innan utøvande folkemusikk på Norges Musikkhøgskole. Nyfiken på å vidareformidle sin lokaltradisjon frå Vågå i Gudbrandsdalen er han uredd for å utforske materialets plass i nye konstellasjonar.
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Mikkel Skorpen
Den lyriske tenoren Mikkel Skorpen (født 1990) frå Tretten studerte klassisk sang ved ArtEZ Hogeschool voor de kunsten i Zwolle i Nederland og fullførte sin mastergrad ved Operahøgskolen i Oslo (KHiO). I 2012 vann Skorpen «MUSICO liedkonkurranse» i Amsterdam, og mottok i 2015 Erling Kroghs Sangerlegat. Sesongen 2015/16 var han del av operastudioet ved Opera National de Lyon, der han mellom anna sang rolla som Dr. S i Michael Nymans The Man Who Mistook His Wife For A Hat. Våren 2018 debuterte Skorpen ved Den Norske Opera & Ballett (DNO&B) då han lærte rolla og hoppa inn som Arturo i Lucia di Lammermoor same dag som forestillinga. Sesongen 2018/19 vart han engasjert som solistpraktikant ved DNO&B, og sang mellom anna rollen som Tsjaplitskij i Spar Dame av Tsjajkovskij og Arthur Jones i Billy Budd av Britten. Sesongen 2020/21 sang Skorpen med Ringsakeroperaen, og hadde og rolla som Funiculi i skuleforestillinga “Funiculi og Funicula – en operafabel” i samarbeid med DNO&B. Sesongen 2021/22 tolka Skorpen rolla som Merkur i Den Norske Opera & Balletts nye versjon av Offenbachs Orfeus i Underverdenen, med Vidar Magnussen som regissør. Våren 2022 gjesta Mikkel Skorpen Bergen Nasjonale Opera som klesdesignaren og tv-kjendisen Sylvester i Den glade enke 2.0.
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Mons Michael Thommessen
Mons Michael Thommessen kommer fra Lillehammer og er utdannet ved Norges Musikkhøgskole, Universität Mozarteum Salzburg og Barratt Due musikkinstitutt. Han har mottatt flere utmerkelser og stipendier for sitt spill. Med base i Oslo opptrer han regelmessig på konserter rundt omkring på hele østlandsområdet, både som solist og i ensemble.
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Peter Szilvay
Peter Szilvay er ein av dei mest ettertrakta norske dirigentane og har dirigert orkestre og opera i utlandet og i Norge. Karriera utvikla seg raskt etter hans kritikerroste avsluttande diplomeksamen med det norske radioorkesteret. Peter Szilvay har også komponert fleire stykker og jobba dei fyrste åra som profesjonell bratsjspelar. Etter eksamen arbeidde han som assisterande dirigent i Stavanger Symfoniorkester, og i 1999 vann han konkurranse «Årets dirigent» i Oslo. Han har blant anna dirigert St. Petersburg filharmoniske orkester i Russland, symfoniorkester i Göteborg, Umeå og Malmø i Sverige, radioorkesteret i Paris, det kongelige danske orkesteret og på operaen i Würzburg i Tyskland. I Noreg har han dirigert Oslo Filharmoniske orkester, Bergen Filharmoniske orkester, Det Norske Kammerorkester, Stavanger symfoniorkester, Trondheim symfoniorkester, Kristiansand symfoniorkester, Den Norske Opera og ballett, Arktisk Filharmonisk orkester, Norsk radio og alle dei militære musikkorps.
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Sara Övinge
Sara Övinge begynte å spele fiolin som 4-åring og fullførte diplomstudiet ved Norges Musikkhøgskole som den yngste nokon sinne. Gle deg til eit fyrverkeri med fiolin! Bli kjende med Sara Övinge her!
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Synnøve Brøndbo Plassen
Synnøve Brøndbo Plassen er folkemusiker og folkesanger, og har på kort tid blitt ei av dei mest ettertrakta unge folkemusikarane i Noreg. Hausten 2021 kom ho med sitt debutalbum "Hjemve" som ho fekk ein spellemannsnominasjon for. I november 2022 fekk ho Folkelarmprisen for beste soloalbum. Hjemve har motteke ei rekkje gode meldingar frå både norsk og internasjonal presse. I 2023 vann Brøndbo Plassen A-klassa i vokal på landskappleiken, og har dei siste åra motteke ei rekkje utmerkingar. Brøndbo har fleire gode plasseringar på tevlingar innan Norsk folkemusikk og har og blitt kåra til Årets dansespellmann på kappleik flere gonger.
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett
Unge, lokale musikktalent
Ingen fest utan ungdom! På mange av konsertane under Gudbrandsdal Musikkfest speler unge talent opp i lag med etablerte artistar innan klassisk og folkemusikk – til felles inspirasjon og glede. Så og på denne konserten! Varm takk til alle unge, lokale musikarar for dykkar bidrag på konsertane under Gudbrandsdal Musikkfest – og til framifrå kulturskular i dalen for entusiasme og samarbeid.
Dato
Klokkeslett
Sted
Konsert informasjon
Billett