Aasmund Nordstoga

Aasmund Nordstoga er visesongar og gardbrukar. Han har blitt nominert til Spelemannspris to gonger, og hentar repertoaret sitt på heimebane. Gamle viser blir friska opp att med nye arrangement eller ny melodi, med god hjelp av nære musikkvener. Visene har gjerne ein god historie, eller ei god dose livsvisdom. Den siste soloplata, Guten, inneheld i sin heilskap tekster av diktaren Aasmund Olavsson Vinje, der ein kan seie at Aasmund, med svært god hjelp av bror Odd, har blese nytt liv i nokon av Vinjes beste dikt.