Formidabel musikkfestkveld hos Fjelleventyret i Skjåk!

I lag med Gudbrandsdal Musikkfest inviterer vi til minnerik heilaften med trerettars måltid og intimkonsert med musikarar frå øvste fjellhylle: Knut Buen og Håvard Svensrud – virtuosar på fele og trekkspel.

«Når mykje anna vaklar i verda, held eg meg til Gudbrandsdalen», har Knut Buen postulert. Den som har opplevd spelemann og livsfilosof Buen på eit eller annet vis, gløymer det ikkje. Mannen og kunstnaren strålar av livsvisdom og autoritet. Du trur på Knut Buen – slik er det berre.

Velkomen til festkveld for alle sansar:

MENY

Forrett: Carpaccio av kalv med trøffel, ruccola og parmesan

Hovudrett: Grilla entrecote med krema grønsaker og råsteikte
småpotet

Dessert: Sitron og mascapone mousse med bringebærpuré

MUSIKARAR:

Knut Buen:
Rekna mellom dei fremste spelemennene og folkekunstnarane vi har. Knut Buen har komponert mange titals slåttar og over hundre melodiar til eigne tekstar. Knut er og tekstforfattar og musikar på oppdrag og har gjort ei rekke musikalske verk i samarbeid med arrangørar innan ulike musikksjangrar. Buen er professor II ved Norges Musikkhøgskole frå 2017. Han var Statsstipendiat frå 1989 til 2018, og vart slått til Riddar 1. klasse av St. Olavs Orden i 1999. Vinnar av Spelemannsprisen.

Håvard Svendsrud:
Trekkspelar utdanna ved Barratt Dues Musikkinstitutt. Vann den nordiske finalen i Frosini Grand Prix i 1993, og er ein sterkt etterspurt og hyppig nytta artist i radio og fjernsyn, som solist og «menig musiker». Svendsrud har vore solist med ulike orkestre, som Stavanger Symfoniorkester, Bærum Symfoniorkester og Forsvarets Musikkorps.

Pris:
Kuvert & konsert 990,-
Moglegheit for å tinge vinpakke i tillegg