Ung musikkfest!

Barn og unge på Gudbrandsdal Musikkfest

Ingen fest utan ungdom! På alle konsertar under Gudbrandsdal Musikkfest speler unge talent opp i lag med etablerte artistar innan klassisk og folkemusikk – til felles inspirasjon. 

Nytt av året er det mest ambisiøse talentprogrammet Gudbrandsdalen har sett, med samlingar for unge, lokale musikarar under leiing av topp musikarar frå Barokksolistene. Talentprogrammet kulminerar i deltaking på Tindekonserten og som oppvarming til Gudbrandsfest på Rudi Gard. Meir info kjem i desember 2023.

Varm takk til alle unge, lokale musikarar for dykkar bidrag på konsertane under Gudbrandsdal Musikkfest – og til framifrå kulturskular og vidaregåande skular i dalen for entusiasme og samarbeid!

«Denne festivalen har tatt vare på ungdommmen. Disse unge som skal komme opp og fram, dei får jo no masse medisin. Det er som å gi dem ei dose med D-vitamin. Det er sol hele året»

                                                             – Konferansier Per Sundnes

TALENTPROGRAM 2024

Gudbrandsdal Musikkfest lanserer i samarbeid med Barokksolistene eit talentprogram med samlingar gjennom heile året fram til Gudbrandsdal Musikkfest. Talenta deltek med nummer på Tindekonserten og som oppvarming til Gudbrandsfest på Rudi Gard.

Meir info kjem i desember 2023.

GUDBRANDSFEST 2024

Livesensasjonane Gangar og Madam Jam samlar heile Gudbrandsdalen til tidenes låveball og grillfest på Rudi Gard! Inngang frå 15 år.

Info og billettar >>

Ung musikkfest 2023

Unge musikalske talent frå heile Gudbrandsdalen og Lillehammer deltok på alle konsertane under Gudbrandsdal Musikkfest – mellom dei Tindekonserten.

Sjå program for meir info.

Ung musikkfest 2022

Nær 60 unge musikarar fullførte prosjektet som vart avslutta under musikkfesten sin åpningskonsert med Kringkastingsorkesteret (KORK) den 30. september 2022. Dei unge musikarane åpna konserten med tre fellesnummer, og 14 av dei eldste spelte i tillegg eit nummer saman med KORK og læraren sin, Bjørn Kåre Odde.

Ung musikkfest 2021

I samarbeid med FolkRekrutt og Elsine Haugstad inviterte Gudbrandsdal Musikkfest hausten 2021 born og unge frå heile Gudbrandsdalen til eit musikalsk samarbeid sentrert rundt musikken til Ole Hjellemo. 

UNGT TALENT: 60 unge musikarar på same scene som KORK og dirigent Peter Szilvay under åpningskonserten til Gudbrandsdal Musikkfest i Tinde fabrikk 2022. Foto: Thor Hauknes

Samarbeidspartnere:

Offentlege bidragsytere:

Lillehammer kommune
Lom kommune
Dovre kommune                                                                     
Nord-Fron kommune
Sør-Fron kommune
Ringebu kommune
Vågå kommune

Innlandet fylkeskommune

Interkommunalt politisk råd Nord-Gudbrandsdalen

Regionrådet for Midt-Gudbrandsdalen