ARENAER

Frå Mjøsa i sør til Dovrefjell og Jotunheimen i nord - frå tømmervegger og akantus til glas og betong: På Gudbrandsdalen Musikkfest er arenaene ein del av opplevinga

Avdemsbue

Avdemsbue er ein landhandel med røter attende til 1878. Dagens butikklokale er frå 1938, og den 6. Juli 2019 opna Anna Avdem eit osteforma tilbygg teikna av Ram Arkitektur. Lesja Byggservice med fleire lokale entreprenørar bygde ein ostekafe med utsikt utover dalen og kulturlandskapet. Her kan du nyte ein cappuccino på gardsmjølk eller ein steinovnspizza med Avdemsost og lokal spekeskinke. Velkome til lunsjkonsert på Avdemsbue med nokre av musikarane du vil møte igjen på meisterkonserten i Lesja kyrkje same kveld! Anna serverar deg smakebitar frå kjøkenet sitt.

Avdemsbue og Lesja kyrkje

Avdemsbue Avdemsbue er ein landhandel med røt attende til 1878. Dagens butikklokale er frå 1938, og den 6. Juli 2019 opna Anna Avdem eit osteforma tilbygg teikna av Ram Arkitektur. Lesja Byggservice med fleire lokale entreprenørar bygde ein ostekafe med utsikt utover dalen og kulturlandskapet. Her kan du nyte ein cappuccino på gardsmjølk eller ein steinovnspizza med Avdemsost og lokal spekeskinke. Velkome til lunsjkonsert på Avdemsbue med nokre av musikarane du vil møte igjen på konserten i Lesja kyrkje same kveld! Anna serverar deg smakebitar frå kjøkenet sitt. Lesja kyrkje Hovudkyrkja i Leskja prestegjeld ligg på ei lita høgde sentralt i bygda med Lesja bygdemuseum som næraste nabo. Kyrkja vart bygd på denne staden i åra 1748-49 og vigsla 20. juni 1750. Ho fekk da namnet Betel og er viden kjend for sine mange og vakre treutskjæringar. Den eldre hovudkyrkja var truleg ei stavkyrkje som låg nokre hundre meter nedafor nåverande kyrkjetomt, ned mot vatnet som sidan vart drenert vekk for å frigjere jordbruksland. Kyrkja er soknkekyrkja for Lesja sogn og var tidlegare hovudkyrkje i Lesja prestegjeld. Velkome til kyrkjekonsert i fremste praktbygget i Lesja!

Fjelleventyret – Spiseriet i Skjåk

Vertinne Hanne, som driv reiselivsbedrifta Fjelleventyret saman med Magne Håvard, har med gardsrestauranten Spiseret realisert draumen om å gjera ikkje berre naturopplevingane, men også maten til ei eventyrleg oppleving i Skjåk. Hanne har hatt ei lang og innhaldsrik reise som kokk. Fleire år med Arne Brimi som sjef, ei tid på ambassaden i Singapore, og ei lang periode på stjernerestaurant i Toscana, Italia. Etter eit år på Baltszar under Dag Tjersland, har fjellbygda ved Jotunheimen og Breheimen vore Hanne sin heim dei siste 20 åra. Kjøkkensjefen på Spiseriet er Lisbeth Risheim. Eit ungt talent med erfaring fra blant anna Britannia Hotel. Saman utfyller dei to kvarandre – alltid med fokus på å gje deg gode og nære matopplevingar. Adresse: Vassgangen 24 2690 Skjåk

Galleri Ullinsvin | Vågå

Med den urgamle prestegarden Ullinsvin som rame, inviterar Galleri Ullinsvin til utstillingar i stilreine, moderne utstillingslokal og eldre, rustikke bygningar. Galleri Ullinsvin byr deg det beste frå kunst og kultur, historie og samtid, bygdeliv og høgkultur – smelta saman på ein heilt unik arena. Med den urgamle prestegarden Ullinsvin som rame, inviterar Galleri Ullinsvin til utstillingar i både stilreine, moderne utstillingslokal og eldre, rustikke bygningar. Les meir: www.ullinsvin.www.ullinsvin.no

Hev Ringebu

Kaféen som hever Ringebu sentrum! Bakeriutsalg, kaffebar, tidvis restaurant, og under Gudbrandsdal Musikkfest: ei ypperleg utescene for å skape liv i sentrum. Her får du både bakst fra Bakeriet i Lom, digg sjokolade fra Jentene på tunet, kaffe fra Solberg & Hansen og musikk frå øverste hylle! Adresse: Jernbanegata 10 2630 Ringebu

Hjerleid Handverkskole

Hjerleid skule og handverksenter driftar og utviklar vidaregåande opplæring i tradisjonshandverk. Hjerleid Handverksskole vart etablert attende i 1886 på ei tid da det vart det oppretta handverk- og husflidsskular for ungdom over heile landet for å ta vare på folkekunsten når industrialiseringa overtok mange arbeidsoppgåver frå handverkarane. Hjerleid var eit viktig utdanningstilbod i ei fattig fjellbygd, og etter kvart søkte ungdom seg dit frå heile Gudbrandsdalen. I dag har skolen godkjenning for inntil 90 elevar i tradisjonshandverksfag. For å sikre rekrutteringen til desse verneverdige faga kan skulen ta inn elevar frå heile landet og inntil 30 vaksne elevar. Hjerleid skule og handverksenter er i dag eit kompetansesenter for tradisjonshandverk og bygningsvern, og har eit ynskje om fleire etablerte verkstadar i lokala og visjonar om samlokalisering av skapande virksomheiter på Hjerleid. Adresse: Jøndalsvegen 3B 2662 Dovre

Jevne Gård

Historiske Jevne gård ligg vakkert til ved Laugen i Øyer. Gardstunet består av mange gamle bygningar som vart sett opp i starten av 1700- tallet. På tunet står hovudbygningen, føderåd, eldhus, tinghus og to stabbur. Jevne var i fem generasjoner ein lensmannsgard. I Tinghuset ( datidens rettssal) vart det blant anna ført sak mot Hans Nielsen Hauge på starten av 1800- tallet.   Erling Jevne og Inger- Lise Sæterbakken Jevne er trettende generasjon på garden som drives på tradisjonelt vis med skogsdrift, gras og poteter. I fjoset er det både sau og gris. Erling og Inger- Lise selg varer på bestilling fra garden. Fra gardens store hage plukkes rips, solbær, rabarbra, plommer, rogn og epler. Under Gudbrandsdal Musikkfest byr Erling og Inger-Lise opp til Fårikalfestival med lam og poteter fra eigen gard, medan kålen kjem fra Gillebo. Musikkfesten står for musikken og Kokken Tor står ansvarleg for maten denne dagen. Velkomne til Jevne gard, Øyer og Gudbrandsdal Musikkfest. Adresse: Kongsvegen 222 2636 Øyer

Jevne Gård | Ringebu Prestegard | Rudi Gard

Med Dagspass til tre konsertar, lunsj, middag og ølsmaking under Gudbrandsdal Musikkfest, vil du få oppleve tre framifrå konsertarenaer: Veldrevne Jevne Gård på Øyer, historiske Ringebu Prestegard og feststemde Rudi Gard. Gle deg!

Kaupanger storsal

Storsalen midt i Ringebu sentrum. Eit flott eldre kulturbygg som inneheld både kafeteria og husar kommunens aktive kulturskule som fyller lokala med aktivitet fleire gonger i veka.  

Konsertar i heile Gudbrandsdalen

Gudbrandsdal Musikkfest byr kvar haust på magiske augneblikk der publikum og artistar får møte det beste av vår eigen musikktradisjon i samspel med perler frå det klassiske repertoaret. Musikkfesten finn stad på særprega scener i heile dalføret frå Mjøsa til øvste steinrøysa. Med festivalpass får du fri inngang på inntil seks konsertar i heile dalføret i løpet av siste helga i september.

Kulturhuset Banken, Lillehammer

Året var 1895. Byen Lillehammer hadde tre landemerker: Kyrkja, middelskulen – og Banken. I to år hadde bygging av Lillehammer Sparebanks kombinerte bank- og festlokale pågått. «Opplandenes seværdigste bygværk», var samtidens dom. Ove Ekman, ein av datidas toneangjevande arkitektar hadde henta inspirasjon, ja til og med stole idéar, frå mange stilepokar. Historisk sett er det ingen ringare enn Michelangelo som har stått fadder til bygget, skreiv museumslektor Ole Rønning Johannesen i 1970 i ein artikkel der han beskrev eksteriøret. Innvendig fekk dekorasjonsmålar Wilhelm von Krogh prege bygget, blant annet med utsøkte takmaleriar i Festsalen. Huset vart byens kulturelle sentrum, ikkje minst byens festsal. Her vart arrangert ball og deklamert poesi, spelt revy og arrangert innandørs idrettskonkurransar. I 1964 overtok kommunen lokalane, og benytta delar av dei til administrasjonskontor. Etterkvart gjorde nye brannforskrifter at den flotte festsalen ikkje lenger kunne benyttast. Etter at Lillehammer vart tildelt OL vart ideane om eit nyrestaurert kulturbygg lansert og i 1990 starta ei omfattande restaurering. Banken har befestet seg som byens «gode, gamle kulturbygg». Adresse: Kirkegata 41 2609 Lillehammer

Lesja Kyrkje

Lesja kyrkje er hovudkyrkja i Leskja prestegjeld og ligg på ei lita høgde sentralt i bygda med Lesja bygdemuseum som næraste nabo. Kyrkja vart bygd på denne staden i åra 1748-49 og vigsla 20. juni 1750. Ho fekk da namnet Betel og er viden kjend for sine mange og vakre treutskjæringar. Den eldre hovudkyrkja var truleg ei stavkyrkje som låg nokre hundre meter nedafor nåverande kyrkjetomt, ned mot vatnet som sidan vart drenert vekk for å frigjere jordbruksland. Kyrkja er soknkekyrkja for Lesja sogn og var tidlegare hovudkyrkje i Lesja prestegjeld. Velkome til kyrkjekonsert i fremste praktbygget i Lesja!  

Pinsehelga | Ringsvegutua 16 – Lillehammer

Villa "Pinsehelga" finner du i Ringsvegutua 16 på Lillehammer. Dette er Olemic Thommessen sin private heim - med privat konsertsal for eit publikum på inntil 70 personar. Ei oppleving for både øyrer og auger.

Presthaugen – Lom bygdemuseum

Lom bygdamuseum ligg i Presthaugen i Lom sentrum, og består av 26 antikvariske bygningar frå ca. 1650-1940, ​​og truleg Noreg sitt største stabbur. Presthaugen ligg rett ved Norsk fjellsenter og i gangavstand frå Lom stavkyrkje. Her kan du  vandre i det fredfulle skogsområdet blant tømmerhus frå 1600-,1700- og 1800-talet, og få eit levande bilete av byggjekunst og byggjeskikk på ein storgard, livsvilkåra på ein husmannsplass og tilvære på setra på denne tida.   ​​ Husa ligg samla som ein storgard med inntun til menneska og uttun til dyra, setertun, husmannsplass og skulestue. Legg du til noko fantasi, er det nett så du kan kjenne smaken av nykinna smør og sjå dei tolv ungane som ein gong fekk plass i den vesle husmannstua. Husa er omgitt av spreidd skog, og ligg som eit mini-Maihaugen like bak Norsk fjellsenter. På Lom bygdamuseum sitt det gamle gardslivet att i veggar og golv. Adresse: Fv. 124 2686 Fossbergom

Ringebu Prestegard

Ringebu Prestegard er ei kulturperle som ligg vakkert til i dalsida like ved Ringebu stavkyrkje, langs «Panoramavegen» til landsbyen Ringebu. Prestegarden var prestebolig fram til 1991. I dag er den freda og restaurerte Prestegarden med sine mange gamle hus og hage ein historisk oppleving. I sommarsesongen og andre utstillingsperioder gjennom året er det også kunstgalleri og kafé. Kvart år presenterast nye kunstnarar saman med nokre faste utstillinger. Du kan vandre i den vakre hagen som omgjev gården – nyte rosebed, dei gamle bærbuskene eller berre henge rundt i humlehuset. Gjennom heile året er Prestegarden møtestad for kulturarrangement som konsertar og temakveldar. Velkommen til eit inspirerande besøk! Adresse: Vekkomsvegen 433 2630 Ringebu

Rudi Gard | Sør-Fron

På stemningsfullle Rudi Gard dyrkes gode kulturopplevelser. Med utsyn over eventyrlege Gudbrandsdalen kan du etter velkomsten i et intimt og innbygdende gårdstun varme opp til konserten med et betre måltid servert ved langbordet i «fjøset». Selve konsertlokalet ligger i den nybygde låven, med sitteplasser i to etasjer og takhøyde for de fleste kulturuttrykk. Velkommen til gards!   Adresse: Rudivegen 40 2647 Sør-Fron

Tinde Fabrikk | Vinstra

Dalens svar på Telenor Arena! Velkomen til 20 000 kvadratmeter med hyttefabrikk som i fjor var arena for Gudbrandsdal Musikkfest sin opningskonsert med Kringkastingsorkesteret. No ryddar dei nok ein gong fabrikken og riggar til storkonsert.   Gudbrandsdalen er kjent for sine solide og gode håndverkstradisjoner. Med over 40 års erfaring har Tinde hytter utvikla seg til å bli ein av landets fremste hytteleverandørar og byggjer vidare på dalen sine gode verdiar i alle sine leveransar. Når ei stjernerekke med artistar i haust igjen inntek Tinde sine produksjonslokal, ryddar fabrikksjef, konserndirektør og andre medarbeidarar lokala og er med og riggar gigascena for å ta i mot landets fremste musikarar, unge talent, lokalt publikum og hyttegjestar til fabrikken sin. For eit konserthus - og for ei bedrift!   Adresse: Lomovegen 21 2640 Vinstra