Musikkfestpakke Vågå | Folk Chamber & kapellkonsert Sandbu | Gammel-Kleppe

Ei musikkfestpakke inkluderar:
> Dobbeltrom for 2 personar med frukost
> Konsertbillettar til Folk Chamber laurdag og kapellkonsert med Berit Opheim sundag

> Middag for 2 personar ved ankomst Gammel-Kleppe fredag kveld
> Musikkfestmiddag for 2 personar på Bokhandel´n bakeri og mathus før konsert laurdag kveld

 

kr 9,950

8 in stock

Pakken inneholder:

Gammel-Kleppe kulturarvhotell ligg høgt og fritt som i eventyret, med den lokale bygdevegen rett gjennom gardstunet og ei rekke unikt restaurerte tømmerhus å overnatte i. Ei kulturoppleving i seg sjølv - toppa med to konsertar og musikkfestmiddag!

På Kleppe var den kjente fjellkaren Jo Gjende født, hit kom Torbjørn Egner for å teikne og skrive historiar, og hit kom ei lang rekke norske kunstnarar for å hente inspirasjon, for å oppleve fjellbygda, det genuine Norge, eventyr og historiar.

Alle kom rekande etter vegen – det same skjer i dag. Du er like velkommen som den gong da – som gjest bidreg du med dine forteljingar, opplevingar og erfaringar. Herfrå reiser du med gode minner, ein triveleg fest saman med gode vener, frisk luft og påfyll av natur- og kulturopplevingar.

Ynskjer du å legge til fleire aktiviteter ut over musikkfestkonserten med Barokksolistene – som båttur på fjellsjøen Gjende, fjellunsj på Brimi Sæter eller elektrisk stisykling med panoramautsikt til Jotunheimen, Rondane og Dovrefjell, så bistår vi gjerne med å skreddersy ditt eventyr i vakre Vågå. Les meir om gardshotellet Gammel-Kleppe her.

Konsertar: Folk Chamber med Bjørn Kåre Odde

Kapellkonsert Berit Opheim og Sigbjørn Apeland på Sandbu

Konsertarenaer: Bokhandel'n Bakeri & Mathus og Sandbu Gardskapell

Overnatting: To døgn i dobbeltrom 31.september - 2. oktober.

Middag ved ankomst fredag kveld: Gammel-Kleppe kulturarvhotell

Musikkfestmiddag laurdag kveld:  Bokhandel´n Bakeri og Mathus

Forslag ekstra aktiviteter: Bike & Hike Jotunheimen | Jutulskinn  | Brimi Sæter | Gjendebåten