Musikkfestpakke | Alehouse Sessions | Gammel-Kleppe 8.-10. okt | Utsolgt

Prisen inkluderar:
> Dobbeltrom for 2 personar med frukost
> Konsertbillettar til Ale House Sessions for 2 personar
> Musikkfestmiddag ein kveld for to personar

kr 8,600

Tomt på lager

Pakken inneholder:

Musikkfestpakkene på Gammel-Kleppe er utsolgt, men ingen grunn til å fortvile: SOV Lodge boutique hotell i same vakre bygd har framleis ledige musikkfestpakker.

Gammel-Kleppe kulturarvhotell ligg høgt og fritt som i eventyret, med den lokale bygdevegen rett gjennom gardstunet og ei rekke unikt restaurerte tømmerhus å overnatte i. Ei kulturoppleving i seg sjølv!

På Kleppe var den kjente fjellkaren Jo Gjende født, hit kom Torbjørn Egner for å teikne og skrive historiar, og hit kom ei lang rekke norske kunstnarar for å hente inspirasjon, for å oppleve fjellbygda, det genuine Norge, eventyr og historiar.

Alle kom rekande etter vegen – det same skjer i dag. Du er like velkommen som den gong da – som gjest bidreg du med dine forteljingar, opplevingar og erfaringar. Herfrå reiser du med gode minner, ein triveleg fest saman med gode vener, frisk luft og påfyll av natur- og kulturopplevingar.

Ynskjer du å legge til fleire aktiviteter ut over musikkfestkonserten med Barokksolistene – som båttur på fjellsjøen Gjende, fjellunsj på Brimi Sæter eller elektrisk stisykling med panoramautsikt til Jotunheimen, Rondane og Dovrefjell, så bistår vi gjerne med å skreddersy ditt eventyr i vakre Vågå.

Konsert: Barokksolistene med Alehouse Sessions | Etterspell med Vågå spelemannslag.

Konsertarena: Vågåhallen

Frokost: Inkludert

Overnatting: To døgn 8.-10. oktober.

Musikkfestmiddag 8. oktober: Servering ved langbordet i peisestua på Gammel-Kleppe

Transport: Taxi kan settes opp. 

Forslag ekstra aktiviteter: Bike & Hike Jotunheimen | Jutulskinn  | Brimi Sæter | Gjendebåten