Musikkfestpakke Vågå | Folk Chamber & kapellkonsert Sandbu | Bokhandel’n

Prisen inkluderar:
> Bokhandelsuite for 2 personar
> Konsertbillettar til Folk Chamber laurdag og kapellkonsert på Sandbu sundag for 2 personar
> Musikkfestmiddag laurdag kveld for to personar på Bokhandel’n Bakeri & Mathus

kr 8,900

4 in stock

Pakken inneholder:

I hjarta av vilt vakre Vågå – krinsa av historiske storgardar, eventyrleg kulturlandskap og nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Rondane – finn du Bokhandel'n Bakeri & Mathus med tre unike suiter og dobbeltrom i andre etasje. Ein perfekt plass å sjekke inn før og etter konsertopplevinga Folk Chamber i fyrste etasje på Bokhandel'n.

I hjarta av vakre Vågå øvst i Gudbrandsdalen finn du Bokhandel'n Bakeri & Mathus. Med historiske tømmerveggar som rame kring stemningsfulle serveringslokal og vinrom, ambisiøst kjøken og kaffebar, toppar Bokhandel’n bygdeeventyret med økologisk surdeigsbakeri, handverkspizza - og tre suiter og dobbeltrom som henta ut av eventyret.

Ynskjer du å legge til fleire aktiviteter ut over konsertopplevinga – som båttur på fjellsjøen Gjende, fjellunsj på Brimi Sæter eller elektrisk stisykling med panoramautsikt til Jotunheimen, Rondane og Dovrefjell, så bistår vi gjerne med å skreddersy din eventyrlige weekend i Dalenes Dal.

Konsertar: Folk Chamber med Bjørn Kåre Odde

Kapellkonsert Berit Opheim og Sigbjørn Apeland på Sandbu

Konsertarena: Bokhandel'n

Overnatting: To døgn 31.september - 2. oktober.

Musikkfestmiddag 1.oktober:  Bokhandel'n Bakeri & Mathus

Forslag ekstra aktiviteter: Bike & Hike Jotunheimen | Jutulskinn  | Brimi Sæter | Gjendebåten