
30. september
Musikkfestmiddag med Hev Ringebu | Stemmer frå dal og fjell
Mezzosopran Ingeborg Gillebo frå Øyer har fått med seg songarar innan både klassisk og folkemusikk på konserten Stemmer frå dal og fjell. Vil du toppe opplevinga, byr HEV Ringebu inn til musikkmatfest, der kjøkensjefen transjerar det beste dalen byr på av vilt, grønt og himla godt!
17:00: Musikkmatfest
HEV Ringebu byr inn til musikkmatfest med dagferske, stuttreiste godbitar frå grøderike Gudbrandsdalen. Menyen for etegildet er komponert kring langtidssteikt hjort frå eige dalføre, toppa med grønt frå Aukrust i Lom og Gillebo på Øyer. Saus og anna munngodt trylla fram av eminente Lines kjøken frå Øyer, med kjøkensjef som og transjerer kjøtet medan du sjølv fyller tallerkenen med favorittilbehør. Ei matoppleving for alle sansar!
Middagen er valfritt tilbehør for den som ynkjer eit minnerikt måltid før konserten.
Pris: Middag og konsert: 850;-
19:00 Konsert
Stemmer frå dal og fjell mønstrar fire framifrå solistar med stemmeprakt og røt frå fjellbygdene i og kring Gudbrandsdalen:
Ingeborg Gillebo | Mezzosopran frå Øyer
Camilla Granlien | Folkesangar fra Lillehammer
Eldrid Gorset | Sopran frå Oppdal som syng på Den kongelige opera i København
Anne Gravir Klykken | Folkesangar sterkt knytt til Telemark.
Pianist Olav Egge Brandal er einaste hane i dette stemmesterke ensemblet.
Ynskjer du eit minnerikt måltid komponert med dei beste råvarene Gudbrandsdalen har å by på, tingar du konsertbillett med middag.
Pris:
Kun konsert: 350,- (150,- for barn)
Middag og konsert: 850,- (550,- for barn)