29. september

Knut Buen speler opp til Ottamartna’n | Gratiskonsert

Fram med go’foten, godtfolk! Gudbrandsdalsambassadør og folkemusikalsk unikum Knut Buen speler opp til Ottamartna’n

Knut Buen er rekna mellom dei fremste spelemennene og folkekunstnarane vi har. Han har komponert mange titals slåttar og over hundre melodiar til eigne tekstar. Knut er og tekstforfattar og musikar, og har gjort ei rekke musikalske verk i samarbeid med arrangørar innan ulike musikksjangrar. Buen er professor II ved Norges Musikkhøgskole og Riddar 1. klasse av St. Olavs Orden. Vinnar av Spelemannsprisen.

Med seg på Martna’n har Knut Buen nok ein musikar frå øvste fjellhylle: Håvard Svendsrud på trekkspel.

Konserten er gratis og finn stad i Martnasteltet. Open bar med øl, vin og cider.

I samband med konserten blir det opning av Ottamartna’n 2023 ved ordførar Eldri Siem.