ARTISTAR

Foto: Julia Marie Nagelstad

Arnhild Vik

Pianisten og komponisten Arnhild Vik debuterte som konsertpianist i Universitets Aula i 1982. Ho studerte i London hjå professor Albert Ferber i to år, og avla diplomeksamen ved Norges musikkhøgskule i 1984. Frå 1984-2015 var ho ansatt som høgskulelektor same stad og var samstundes ansatt som pianist ved Den norske Opera. Vik er kjend som ein allsidig musiker innan mange sjangre i eit spenn frå populærmusikk til vanskelegare tilgjengelege klassiske verk. I 2007 etablerte ho seg i Gausdal og har sidan då vore ei drivande kraft og ein inspirator for kultur- og musikklivet i heile regionen.

Dato

Klokkeslett

Sted

Konsert informasjon

Billett

Arve Tellefsen

Nærare ein nasjonalskatt kjem vi ikkje! Arve har trollbunde ei heil verd i over 60 år med fantastisk fiolinspel og sin folkelege og sjarmerande veremåte. Han reknas blant Europas ypperste fiolinistar og har spelt med ei lang rekkje av verdas største orkestre og dirigentar – men vendar stadig oftere tilbake til røttene i norsk folkemusikk. Arve Tellefsen er ein av initiativtakerne bak Gudbrandsdal Musikkfest – og nå endeleg attende i festprogrammet med konsert både i Kulturhuset Banken i Lillehammer og på Rudi Gard i Sør-Fron.

Dato

Klokkeslett

Sted

Konsert informasjon

Billett

Berit Opheim

Berit Opheim er ein av våre mest akta folkesongarar. Med ei nyfiken haldning til musikk har ho stadig funne nye uttrykk, mellom annan i tidlegmusikk, middelaldermusikk, samtidsmusikk og improvisert musikk. Den musikalske allsidigheita hennar har vunne mange lyttarskarar på tvers av sjangrane, og ho leikar seg stadig i krysningsfelta mellom dei. Opheim byrja karriera på slutten av 1980-talet, og er kjend for si konsentrerte formidling, sceniske ro og djupvarme røyst.

Dato

Klokkeslett

Sted

Konsert informasjon

Billett

Foto: Foto: Thor Hauknes

Bjørn Kåre Odde

«Årets folkemusiker 2019» Bjørn Kåre Odde treng truleg ingen nærare skildring for dei fleste, men blir ofte omtala slik: «Med virke som både komponist, musikar og skodespelar, har han hatt sitt virke på alt frå ungdomshus til teatersalar dei seinaste åra. Han er ein svært akta spelemann innafor både gamaldans og slåttespel og representerer dalføret sitt med bravur på både landskappleikar og landsfestivalar. Han har dei siste åra stått heilt, eller delvis, bak tre bestillingsverk, komponert musikk for kor og sitt eige instrument fele, medverka på fem plateutgjevingar og vore nominert til prisar både som musikar og komponist. Han er óg mykje nytta som lærar på ymse kurs og samlingar rundt i landet.» For Gudbrandsdal Musikkfest har Odde komponert og arrangert musikk for KORK til konserten "Frå Tinde til tinde" der han sjølv skal vera solist. Han har vore instruktør for prosjektet Gudbrandsdalen i Symfoni for ei gruppe unge felespelarar som også blir å sjå på same konsert. I tillegg blir hans eige prosjekt Folk Chamber å sjå minst ein stad under årets musikkfest. Bjørn Kåre Odde, som har rukke å bli 32 år, er på toppen av alt musikalsk leiar av Lom spelmannslag og leiar av Gudbrandsdalen folkemusikklag.  

Dato

Klokkeslett

Sted

Konsert informasjon

Billett

Foto: Blunderbuss

Ingeborg Gillebo

Ingeborg Gillebo fra Øyer er utdanna ved Norges Musikkhøgskole og ved Operaakademiet i København. Innlendinger har spent fulgt karriera hennar frå Toneprisen i 2007 til diverse store internasjonale scener. I 2010 debuterte ho ved Den Kongelige Opera i København som Margret i Wozzeck og ved Den Norske Opera & Ballett som Cherubino i Figaros bryllup. Sidan då har Gillebo opptrådt på flere store festivaler og ved operahus som Metropolitan Opera, Opernhaus Zürich, Theater an der Wien, Opéra Royal de Versailles, Festspielhaus Baden-Baden, Bayreuth Festival og Drottningholm Festival Stockholm. Hennar varme, fyldige mezzo er etterspurt og vi er stolte over å kunne presentere ho på musikkfesten. Ingeborg er også engasjert i kunstnerisk råd i Gudbrandsdal Musikkfest

Dato

Klokkeslett

Sted

Konsert informasjon

Billett

Foto: Terje Bjørnsen

Jo Asgeir Lie

Jo Asgeir Lie er ein allsidig trekkspelarm komponist og kulturadministrator frå Ål i Hallingdal. Han er til dagleg rektor ved Ole Bull Akademiet på Voss, samstundes ein av dei mest merkante utøvarane på trekkspel i Noreg i dag, både som utøvar og som formidlar og pedagog. Gjennom snart 20 år har han vore med å prege utviklinga av norsk folkemusikk både gjennom eiga utøving, og gjennom administrativt virke. Som solist har Jo Asgeir Lie opptredd i inn- og utland. Han har også vore solist med symfoniorkester, korps og kor ved fleire høve. Folkemusikkgrupa Kvarts er den største delen av det utøvande virke til Jo Asgeir Lie. Med Kvarts har han også vore med å skrive teatermusikk og bestillingsverk til fleire festivalar.

Dato

Klokkeslett

Sted

Konsert informasjon

Billett

01/10

13:30

Gratis

Johanne Løkensgaard Mjøs

Felespelar Johanne Løkensgard Mjøs er ein allsidig folkemusikar og pedagog frå Bergen. Ho har sin utdannelse frå Griegakademiet og Ole Bull Akademiet kor ho har fordjupa seg i tradisjonsmusikken frå Hallingdal og Nord-Noreg. Mjøs er aktiv i frilansmiljøet og har representert Noreg ved ulike anledningar både i Skottland, på Orknøyene og i Russland. Ho arbeidde også i orkesteret på Den Nationale Scene under storoppsetninga Kristin Lavransdatter våren 2018 med 75 utsolgte forestillingar. På Gudbrandsdal Musikfest finn du ho på scena samarn med Bjørn Kåre Odde sitt prosjekt Folk Chamber.

Dato

Klokkeslett

Sted

Konsert informasjon

Billett

Kaja Fjeldberg Larsen

Kaja Fjellberg Pettersen er ein allsidig cellist, som har sin utdannelse frå Norges Musikkhøgskole og Institutt for musikk i Trondheim. Ho har spelt i Trondheim Symfoniorkester og TrondheimSolistene, og er ein aktiv frilansar med base i Oslo. Dei siste åra har ho opparbeidd seg ei rekkie samarbeid på tvers av musikalske sjangre, der ho ofte er med som musikalsk arrangør, og set sitt personlege preg på det musikalske uttrykket. Det samme gjeld for festivalen Cellolyd i Lofoten, ein cellofestival som arrangeres anna kvart år i Lofoten. Her er ho både utøvar og arrangør, og har medvirket som begge delar sidan oppstarten av festivalen i 2012.

Pettersen driv til dagleg strykeensemblet Oslo Strings, eit velrennomert ensemble beståande av frilans strykere i Oslo.

Dato

Klokkeslett

Sted

Konsert informasjon

Billett

Foto: Lars Opstad

Kjetil Bjerkestrand

Arrangøren, produsenten og komponisten Kjetil Bjerkestrand er bosatt i Kvitfjell midt i Gudbrandsdalen, men har et enormt musikalsk nedslagsfelt. "Det du bryner deg mest på, lærer du mest av", sier mannen som har jobbet med Ray Charles, Dee Dee Bridgewater og A-ha. De siste par årene har Bjerkestrand vært gjennom en helt annen utfordring – komposisjonen Stabat Mater ble til i en periode der Kjetil Bjerkestrand gikk til behandling for tarmkreft. En komposisjon du kan høre i sin helhet i Sør-Fron kirke lørdag 7.oktober.

Dato

Klokkeslett

Sted

Konsert informasjon

Billett

Kringkastingsorkesteret – KORK

Kringkastingsorkestret er Heile landets orkester, med ein heilt spesiell plass i hjartet til musikkelskande nordmenn. Med sitt svært allsidige repertoar er dei sannsynlegvis det orkesteret du høyrer aller oftast - på TV, radio eller internett - og på alle konsertene, om det er i NRKs Store studio eller i ein konsertsal nær deg. Under Gudbrandsdal Musikkfest er konsertlokalet hyttefabrikken til Tinde, og solistane både lokale og nasjonale - unge og vaksne. Velkomen til musikkfest med KORK! Kringkastingsorkestret er eit orkester på høgt internasjonalt nivå. Samstundes er det eit fleksibelt orkester, som spelar alt frå det symfoniske repertoaret og samtidsmusikken, til pop, rock, jazz og folkemusikk. Lista over samarbeid med kjende artistar i alle sjangre er lang.Orkesteret er i dag fylt med dei beste blant klassiske instrumentalistar, musikarar som sett allsidigheit høgt, og med ei sterk uvilje mot å dele musikken inn i båsar. All musikk skal fremførast med same høge kvalitet og engasjement.

Dato

Klokkeslett

Sted

Konsert informasjon

Billett

Kvarts

Folkemusikkgruppa Kvarts er i dag ei av dei folkemusikkgruppene i Noreg med lengst fartstid. Sidan 1998 har kvartetten sett tydelege spor etter seg både i norsk musikkliv, både innan folkemusikk-krinsar, og i musikklivet generelt. Kvarts har til no gjeve ut ni cd-ar. Det kunstnariske arbeidet har til no resultert i to Spellmannprisar og ein Spellmannpris-nominasjon. Repertoaret til Kvarts er i hovudsak bygd på norsk tradisjonsmusikk, men hentar også inspirasjon frå mellom anna svensk folkemusikk. Kombinasjonen av tradisjonsmusikk og eigenkomponert materiale har vorte eit varemerke for kvartetten. Gruppa har heilt sidan starten hatt eit ynskje om å samarbeide med andre musikarar, og dette har resultert i vellukka samarbeidsprosjekt med t.d. Kringkastingsorkestret, Kristiansand Symfoniorkester Jonas Fjeld, Berit Opheim, Sondre Bratland, Hemsing-søstrene og Birger Mistereggen. Gruppa består av Jo Asgeir Lie, Øystein Rudi, Tom Willy Rustad og Erlend Styve.

Dato

Klokkeslett

Sted

Konsert informasjon

Billett

01/10

13:30

Gratis

01/10

20:00

Gratis

Foto: Foto: Lasse Evensen

Mari Midtli

Folkesongar Mari Midtli har utmerka seg som ein av dei beste songarane innan norsk folkemusikk og tradisjonsmusikk. Ho er utdanna ved Ole Bull Akademiet, og har vunne mange prisar for sine bidrag både på Landskappleiken, Fureprisen og Toneprisen. I 2019 gav ho ut soloalbumet Dalen og saman med Aslak Brimi har gav ho ut Bergtatt i 2019 og Huldra Hildur i 2020. Denne plata fekk dei Spellemannsnominasjon for i 2020 i klassen barnemusikk. Mari er i tillegg leiar for FolkRekrutt, eit rekrutteringsprogram for vidarekommande under folkemusikarar mellom 6-18 år.

Dato

Klokkeslett

Sted

Konsert informasjon

Billett

Foto: Cathrine Dokken

Ragnhild Hemsing

Ragnhild Hemsing skiller seg ut blant de stigende stjernene i Norge med et unikt uttrykk, dypt forankret i de rike folkemusikkradisjonene i Norge. De musikalske røttene gjør henne til en av få samtidige artister som forener elementer fra norsk folkemusikk og den klassiske scenen på en ung, frisk og moderne måte.

Dato

Klokkeslett

Sted

Konsert informasjon

Billett

Sigbjørn Apeland

Musiker og musikkforskar Sigbjørn Apeland arbeider i grenselandet mellom folkemusikk, kirkemusikk og improvisatorisk musikk. Han studerte kirkemusikk ved Rogaland musikkonservatorium og etnomusikk frå Unviersitetet i Bergen. Apeland har samarbeid med Berit Opheim i over 30 år og saman skal dei gje oss to konsertar på årets musikkfest.  

Dato

Klokkeslett

Sted

Konsert informasjon

Billett

Tom Willy Rustad

Spelemann bosatt i Sør-Fron og den første i Norge som har tatt hovedfag i folkemusikk med torader som hovudinstrument. Spiller også gitar, munnharpe, seljefløyte og kontrabass, og har vunnet Landskappleiken på alle instrumentene! Tom Willy har gitt ut 29 plate- og cd- produksjoner, og har hatt mange komponistoppdrag knyttet til folkemusikkfestivalar og teateroppsettingar. I 1999 og 2007 mottok han Spelemannsprisen sammen med folkemusikkgruppa Kvarts. Han har vunnet en rekke nasjonale og internasjonale priser for sitt toraderspill.

Dato

Klokkeslett

Sted

Konsert informasjon

Billett

01/10

13:30

Gratis

Trygve Liahagen

Trygve Liahagen frå Ottestad studerar for tida utøvande folkemusikk ved Norges Musikkhøgskule. På Gudbrandsdal Musikkfest er Liahagen ein av musikarane i Folk Chamber.

Dato

Klokkeslett

Sted

Konsert informasjon

Billett

Øystein Rudi

Spelemann på speed! Trass i fire spelemannspriser og tre seiere i landskappleiken er Øystein Rudi ikke av typen spelemann som setter seg på taket – han foretrekker stadig nye markløft for å fylle Gudbrandsdalen og egen gård med kulturopplevelser til glede for fastboende og tilreisende. Musikalsk veksler Øystein mellom den prisbelønte gruppa KVARTS, Ole Bull akademiet i Bergen og egne prosjekter. En handlingens mann, med sans for både mat, musikk og mennesker – og helst alt sammen på én gang.

Dato

Klokkeslett

Sted

Konsert informasjon

Billett

01/10

13:30

Gratis