Sivert Holmen
Sivert Holmen er fra Valdres og er ein av våre fremste utøverar på hardingfele og hardanger d’amore – og ein framifrå formidlar av tradisjonelt slåttespel på hardingfele.
Med Valdres som heimstad er det tradisjonen derfrå som alltid har stått i fokus, og Sivert kombinerer klangen og tonen frå det ypparste innan hardingfeleverda med råskapen i Valdresspringaren. Vare lydarlåttar der tida nesten stoppar opp og springarar ein umogleg kan stå stille til dannar kjernen i uttrykket hans.
Sivert Holmen har vunne prisar og utmerkingar som Fureprisen, Øivind Berghs minnepris og Årets unge folkemusikar
Holmen har studert på Norges musikkhøgskole, og kombinerar folkemusikk fra Valdres med samtids- og komposisjonsmusikk. Han har dei siste åra og markert seg i sceniske produksjonar, som i forestillinga òme.