Ragnhild Hemsing
Fiolinisten Ragnhild Hemsing frå Valdres har utmerka seg nasjonalt og internasjonalt både som fiolinist og hardingfelespellar. Ho har vore solist med dei fremste symfoniorkestra her til lands, og også med profesjonelle orkester over heile Europa og i USA. Ragnhild har på ein framifrå måte makta å løfte fram folkemusikken og hardingfela. Ho spelar tradisjonelt hardingfelespel – først og fremst Valdresspell, men også teknisk krevjande komposisjonar for hardingfele som t.d. Geirr Tveitts «Tri fjordar» for hardingfele og orkester, og Johan Halvorsens «Fossegrimen Suite» som ho har spela inn på plate med Bergen filharmoniske orkester.
I dei seinare åra har mange lagt merke til Ragnhild gjennom flotte fjernsynsprogram frå hennes og søster Eldbjørg sin «Hemsingfestivalen». Mange minnest nok også at Ragnhild og Eldbjørg i 2010 laga ein 60 minutts dokumentar på NRK fjernsynet om livet og musikken til Ole Bull. Som klassisk fiolinst har ho vunne ei lang rekke prisar, mellom anna alle dei klassiske ungdomsprisane her til lands – og også fleire internasjonale prisar, for eksempel Beethoven Ring-prisen for beste konsert under den årlege Beethovenfestivalen i Bonn i 2013.
Saman med syster og fiolinist Eldbjørg står Ragnhild bak Hemsingfestivalen som arrangerast kvart år i heimbygda Aurdal.
Fatal error: Uncaught ArgumentCountError: Too few arguments to function get_concerts(), 0 passed in /var/www/gudbrandsfest-dev/wp-content/themes/Divi-child/single-artist.php on line 51 and exactly 1 expected in /var/www/gudbrandsfest-dev/wp-content/themes/Divi-child/marius_functions.php:66 Stack trace: #0 /var/www/gudbrandsfest-dev/wp-content/themes/Divi-child/single-artist.php(51): get_concerts() #1 /var/www/gudbrandsfest-dev/wp-includes/template-loader.php(106): include('/var/www/gudbra...') #2 /var/www/gudbrandsfest-dev/wp-blog-header.php(19): require_once('/var/www/gudbra...') #3 /var/www/gudbrandsfest-dev/index.php(17): require('/var/www/gudbra...') #4 {main} thrown in /var/www/gudbrandsfest-dev/wp-content/themes/Divi-child/marius_functions.php on line 66