Per Arne Glorvigen

Per Arne Glorvigen er eit ruralt og sydlansk unikum. Ein hengslete ungdom frå steinrøysa oppunder Dovrefjell som utruleg nok begynte å spele det sydlandske instrumentet bandoneon, for så å flytte til Paris og turnere som tangomusiker over heile verda.

Glorvigen gjekk ut frå Norges Musikkhøyskole i 1987 med akkordeon som hovudinstrument. Deretter reiste han til Paris, kor han vart elev av den argentinske bandoneon-virtuosen Joan Josè Mosalini. I dag er Glorvigen busett i Berlin, og rekna mellom dei viktigaste bandoneonistane i sin generasjon. Særleg er han kjend for sin tangomusikk.

Glorvigen er og ein aktiv komponist som putter både det rurale, rotnorske og den argentinske tangotradisjonen inn i et klassisk samtidsuttrykk. Like fullt klarer han å lande på føtene – i takt. Morosam er han og. Kan hende skuldast dette at han ser på verda med eit aldri så lite skråblikk, og avdekkjer ting vi andre ikkje ser. DU kan i hvert fall sjå frem til å sjå og høyre han, anten temaet er spør eller revolver. Skiljet kan i Glorvigen sitt tilfelle vere nærast usynleg.

Per Arne Glorvigen ble i fjor tildelt Anders Jahres Kulturpris – en av Norges høyeste kulturelle utmerkingar.

På Tindekonserten vil Per Arne Glorvigen spele sin eigen komposisjon «Uten struper», komponert til Rolf Jacobsen sine fantastiske tekster.