Kringkastingsorkesteret – KORK

Kringkastingsorkestret er Heile landets orkester, med ein heilt spesiell plass i hjartet til musikkelskande nordmenn. Med sitt svært allsidige repertoar er dei sannsynlegvis det orkesteret du høyrer aller oftast – på TV, radio eller internett – og på alle konsertene, om det er i NRKs Store studio eller i ein konsertsal nær deg. Under Gudbrandsdal Musikkfest er konsertlokalet hyttefabrikken til Tinde, og solistane både lokale og nasjonale – unge og vaksne. Velkomen til musikkfest med KORK!

Kringkastingsorkestret er eit orkester på høgt internasjonalt nivå. Samstundes er det eit fleksibelt orkester, som spelar alt frå det symfoniske repertoaret og samtidsmusikken, til pop, rock, jazz og folkemusikk. Lista over samarbeid med kjende artistar i alle sjangre er lang.Orkesteret er i dag fylt med dei beste blant klassiske instrumentalistar, musikarar som sett allsidigheit høgt, og med ei sterk uvilje mot å dele musikken inn i båsar. All musikk skal fremførast med same høge kvalitet og engasjement.


Fatal error: Uncaught ArgumentCountError: Too few arguments to function get_concerts(), 0 passed in /var/www/gudbrandsfest-dev/wp-content/themes/Divi-child/single-artist.php on line 51 and exactly 1 expected in /var/www/gudbrandsfest-dev/wp-content/themes/Divi-child/marius_functions.php:66 Stack trace: #0 /var/www/gudbrandsfest-dev/wp-content/themes/Divi-child/single-artist.php(51): get_concerts() #1 /var/www/gudbrandsfest-dev/wp-includes/template-loader.php(106): include('/var/www/gudbra...') #2 /var/www/gudbrandsfest-dev/wp-blog-header.php(19): require_once('/var/www/gudbra...') #3 /var/www/gudbrandsfest-dev/index.php(17): require('/var/www/gudbra...') #4 {main} thrown in /var/www/gudbrandsfest-dev/wp-content/themes/Divi-child/marius_functions.php on line 66