Johannes Martens
Johannes Martens er tilsett i Oslo Filharmoniske Orkester, og er samstundes medlem av Cikada Ensemble og Cikada Strykekvartett. Martens er og mykje nytta som studiomusikar og har bidrege på utallige utgivingar, frå a-ha til Himmelblå.
Martens si fyrste celloundervisning var med Liv Frengstad ved Ås Kommunale Musikkskole, Bodil Wenneberg i Davis, California, Morten Hannisdal ved Barrat Dues Musikkinstitutt og seinare med Aage Kvalbein i Norges Musikkhøgskole sitt ungdomsprogram ”Unge Strykere”. Vidare fulgte bachelor- og masterstudiar i London med Leonard Stehn ved Guildhall School of Music and Drama, og til sist diplomstudiet med Truls Mørk ved Norges Musikkhøgskole.
Martens har delteke som kammermusikar ved dei største festivalane her til lands, og har solisterfaring frå mellom anna Kringkastingsorkesteret og Trondheim Symfoniorkester. Han har og hatt lange engasjement som solocellist i mellom anna KORK og Den Norske Opera sitt Orkester.
Allsidigheit er eit kjenneteikn ved Johannes Martens. Han er aktivt oppteken av ny musikk, speler og barokkcello og viola da gamba, og han har samarbeidd med fleire av landet sine fremste jazz- og folkemusikarar.
Etter mottaking av eit 2-årig stipend frå staten sitt arbeidstipend for yngre kunstnarar, ga Martens i 2008 ut CDen ”Figments and Fragments – Chamber Music by Elliott Carter”. Denne CD-en fikk mykje merksemd i nasjonal og internasjonal presse. Sidan har han vore med på ei rekkje kammermusikkinnspelingar, med musikk som spenner fra Eugene Ysaye til tradisjonsmusikk frå Hardanger. Alle har blitt særs godt motteke av norske og utanlandske meldarar.