Håvard Stensvold

Håvard Stensvold er utdanna ved Det Kongelige Danske Musikkonservatoriet hjå professor Susanna Eken. Han har fleire gongar gjesta Den Norske Opera & Ballett, i rollar som Papageno i Tryllefløyten, Guglielmo i Così fan tutte, Schaunard i La bohème, Masetto i Don Giovanni, Malatesta i Don Pasquale, Zuniga i Carmen, Baryton i Cecilie Ores Dead Beat Escapement, hovudrolla i Knut Vaages Khairos og Birger i Synne Skouens Ballerina. Ved det Kongelige Teater i København har han sunge Masetto i Don Giovanni, Figaro i Figaros bryllup og fleire rollar i Monteverdis Poppeas kroning.

Som ein av Noregs leiande bass-barytonar syng han regelmessig ved våre distrikts- og regionoperaer og med norske og internasjonale symfoniorkestre, og han har medvirka ved ei rekkje festivalar i Noreg og Europa. Saman med pianisten Tor Espen Aspaas har han gjort ei kritikerrost innspeling av Schuberts Die Winterreise på norsk, Vinterreise – en gjendiktning, oversatt av Stensvold sjølv. Stensvold er i tillegg til sin karriere som freelance bassbaryton universitetslektor ved NTNU i Trondheim. 

 

Konserter

Storkonsert Sør-Fron kirke | Haagenrud, Bjelland, Thorsen, Løvlid, Gimmestad & Stensvold tolkar Franz Schubert

https://gudbrandsfest.no/konserter/sor-fron-kirke-schubert-lieder/
Friday 08 October 19:00

Romanser i kyrkja | Bjelland, Haagenrud, Thorsen, Løvlid, Gimmestad & Stensvold tolkar Schubert

https://gudbrandsfest.no/konserter/schuberts-lieder-bjelland-haagenrud-thorsen-moen-lovlid/
Saturday 09 October 19:00