Gjermund Larsen

Komponist, folkemusikar og felespelar frå Verdal. Larsen utfordrar folkemusikktradisjonen med sjangeroverskridande komposisjonar. Han har vunne fem spelemannsprisar i fire ulike kategoriar. Gjermund gjekk musikklina på Inderøy vidaregåande skule (1997–2000) og studerte folkemusikk ved Ole Bull Akademiet på Voss (2000–02). Han var den første i Noreg som tok diplomeksamen i folkemusikk på fele ved Noregs Musikkhøgskole i Oslo (2008).

Under Landskappleiken i 2005 fekk han kongepokalen som beste utøvar på fele. Larsen har vore med i fleire folkemusikkgrupper, mellom anna i Majorstuen (2000–12) og finsk-norske Frigg (1999–2010). Han har òg spela mykje saman med broren, Einar Olav Larsen. I 2006 etablerte han Gjermund Larsen Trio saman med Andreas Utnem på piano og Sondre Meisfjord på bass. I 2014 gav Larsen ut albumet Trønderbarokk saman med broren og Trondheimssolistene, der han blandar slåttespelet i Innherred med barokkmusikk. Han har skrive tingingsverk til mellom anna Osafestivalen (2010) og Førdefestivalen (2012). Larsen vann spelemannsprisen i kategorien folkemusikk/gamaldans med Majorstuen i 2003 og med Gjermund Larsen Trio i 2008. I 2009 vann han spelemannsprisen med Bom Basker i kategorien barneplate, i 2010 med Trondheimssolistene i kategorien klassisk musikk og i 2014 med Einar Olav Larsen og Trondheimssolistene i kategorien folkemusikk. I 2010 vart han nominert til den amerikanske Grammy-prisen saman med Trondheimssolistene.

Konserter

Lunsjkonsert | Ingfrid Nyhus og Gjermund Larsen | Avdemsbue

https://gudbrandsfest.no/konserter/lunsjkonsert-med-ingfrid-nyhus-og-felespiller/
Thursday 07 October 14:00

Meistermøte | Bratland, Kleive, Nyhus, Larsen | Lesja barnekor

https://gudbrandsfest.no/konserter/navn-pa-konsert/
Thursday 07 October 19:00

Meistermøte | Nyhus, Bratland, Kleive & Larsen | Øyer barnekor

https://gudbrandsfest.no/konserter/oyer-kirke/
Friday 08 October 19:00