1. oktober

Kvarts | Gratis lunjskonsert | Hev

Folkemusikkgruppa Kvarts er i dag ei av dei folkemusikkgruppene i Noreg med lengst fartstid. Sidan 1998 har kvartetten sett tydelege spor etter seg både i norsk musikkliv, både innan folkemusikk-krinsar, og i musikklivet generelt. Kvarts har til no gjeve ut ni cd-ar. Det kunstnariske arbeidet har til no resultert i to Spellmannprisar og ein Spellmannpris-nominasjon.

Repertoaret til Kvarts er i hovudsak bygd på norsk tradisjonsmusikk, men hentar også inspirasjon frå mellom anna svensk folkemusikk. Kombinasjonen av tradisjonsmusikk og eigenkomponert materiale har vorte eit varemerke for kvartetten. Gruppa har heilt sidan starten hatt eit ynskje om å samarbeide med andre musikarar, og dette har resultert i vellukka samarbeidsprosjekt med t.d. Kringkastingsorkestret, Kristiansand Symfoniorkester Jonas Fjeld, Berit Opheim, Sondre Bratland, Hemsing-søstrene og Birger Mistereggen. I anledning Gudbrandsdal Musikkfest har dei fått med seg den klassiske fiolinisten Atle Sponberg og sopranen Ann-Helen Moen.