2. oktober

Mitt Spelmannsliv | Arve Tellefsen med gjestar

Heile Noreg sin Arve Tellefsen og ein av initiativtakarane til Gudbrandsdal Musikkfest. Nærare ein nasjonalskatt kjem vi ikkje! Arve Tellefsen har trollbunde ei heil verd i over 60 år med fantastisk fiolinspel og sin folkelege og sjarmerande veremåte. Saman med sin gode ven og samarbeidspartnar Kjetil Bjerkestrand og spelekvinne og verdsstjerne Ragnhild Hemsing, vil Arve ta oss med på ei unik musikalsk reise frå si vidstrakte karriere, krydra med historier av det muntre slaget.