9. oktober

Traktormusikalsk verkstad | Barokksolistene | Dancing in the Wild | Elvis & The Kingsmen

Felleskjøpet på Otta slår verkstaddørene på vidt gap – og inviterar til ei musikalsk festforestilling spekka med topp musikk, dans og hestekrefter!

Vidgjetne og bejubla Barokksolistene utfordrar bondenæringa gjennom klassiske perler og framføringa av toppkomponist Kjetil Bjerkestrand sitt nykomponerte musikkfestverk: «Til Bjarte Eike, Barokksolistene og fem John Deere med og utan turbo».

Komponist Bjerkestrand har besøkt Sjoa og Heidal gammetekniske forening, og tatt opp original motorlyd av fem originale John Deere som er behandlet digitalt, blant annet med rytme i lydene, slik at lydene som hadde sine glansdager i landbruket for mange tiår siden passer sammen med musikken som er komponert for urframføring i Felleskjøpet sin nye verkstedhall til 40 millioner – som for første gang nå åpnes for publikum.

Mukampen Spel- og Dansarlag kan kunsten å få fart på både tobeinte og toradere, og spelar opp med det beste frå folkelege musikktradisjonar i dalføret vårt som er så fullt av dei. Jørn Simenstad er ein sann maestro på lur – og seremonimester med bravur.

Sjølvaste Heidals-Elvis inntek verkstadhallen i form av Ole Jonny Bekkemellom & The Kingsmen. Sist gong du høyrde frå dei var det i kyrkja, no skal dei spele så taket lyftar seg på landbruket sin eigen katedral – Felleskjøpet!

Dancing in the Wild gjorde i sommar furore med danseoppvising koreografert av Otta sin eigen Billy Elliot – toppdansar Jon Ole Olstad. Deler av Dancing in the Wild blir framført i verkstadhallen på Felleskjøpet av Marnie Josefine Fiebig frå Australia – berre å gle seg!

Artistar og publikum kan boltre seg på 1200 kvadrat flatt nytt landbruksverkstad – det finaste i landet – med finstemte feler og horn. Vi hører og ser for oss ei musikalsk oppleving av dei sjeldne!

PS! Felleskjøpet feirer 125-årsjubileumog opninga av den mest moderne verkstadhallen i Noreg! Dørene blir difor opna allereie kl 12:00 med fri inngang fram til konsertstart. Velkomen til alle som vil sjå på traktor, snakke traktor, trø traktor, tenke traktor, treffe den nye konsernsjefen Svenn Ivar Fure og ete jubileumskake – klikk her for program!

 

Program