9. oktober

Romanser i kyrkja | Bjelland, Haagenrud, Thorsen, Løvlid, Gimmestad & Stensvold tolkar Schubert

Franz Schubert er mellom dei største komponistane i musikkhistoria.

Like fullt vart Schubert fyrst anerkjend etter sin død. Den følelsesladde musikken og det korte, tragiske kunstnarlivet gjer ham like fullt til ein udødeleg representant for romantikken. Under Gudbrandsdal Musikkfest kan du oppleve og oppdage kvifor Schubert er så unik i Lillehammer kyrkje.

Sveinung Bjelland, Ole Christian Haagenrud, Marianne Thorsen, Unni Løvlid, Tomas Laukvik Nannestad, Elisabeth Gimmestad og Håvard Stensvold tolkar Schubert. Kom og opplev det ypperste innan klassisk musikk og folkemusikk i ei uformell og folkeleg atmosfære med nokre av dei fremste utøvarane vi har innan sin sjanger!