Gudbrandsdal Musikkfest

Gudbrandsdal Musikkfest byr kvar haust på magiske augneblikk der publikum og artistar får møte det beste av vår eigen musikktradisjon i samspel med perler frå det klassiske repertoaret. Musikkfesten finn stad på særprega scener i heile dalføret frå Mjøsa til øvste steinrøysa. 

Det er med glede, iver og entusiasme vi ønskjer velkomen til Gudbrandsdal Musikkfest siste helt i september kvar haust. Musikk er verdsspråket som bitt folk saman, og musikkfesten i Dalens Dal skaper store opplevingar og trivsel. Vi gler oss over at musikkfesten har vorte ein møteplass mellom folk frå bygdene og byen, hyttefolk i gudbrandsdalske fjell og godtfolk som kjem eins ærend for å høyre fin musikk.

Mange av dei fremste utøvarane frå folkeleg klassisk musikk og klassisk folkemusikk speler kvar haust opp på musikkfesten. På veg til konsert kan du oppleva det gudbrandsdalske kjøkenet, med spanande mat og drikke på menyen. Og vi byr på konsertarenaer med sjarm og særpreg, med vertskap som gler seg stort til besøk – i år for å feire Gudbrandsdal Musikkfest sitt femårsjubileum!

Det er eventyrleg å oppleve at Gudbrandsdal Musikkfest speler opp kvar haust. Frå Lillehammer i sør til Lom og Lesja i nord har vi møtt applaus for at heile dalen skal skape noko unikt saman. I lag skriv vi alle Gudbransdalen i gullskrift.

Vel møtt!

Styret:

Arve Tellefsen, Ingebord Gillebo, Kjetil Bjerkestrand, Vegard Moshagen, Peter Szilvay, Øystein Rudi og Bjarne Slapgard (styreleiar).

Administrasjon:

Vivian Haverstadløkken | Dagleg leiar

Sigurd Rønningen | Marknad, kommunikasjon og berekraft

 

Kontakt oss

Email: post@gudbrandsfest.no

Tlf:  99501910