Margit Myhr

Margit Myhr er folkemusikar, songar, dansar og skodespelar på heiltid. Ho trakterer ulike strengeinstrument, har hatt fleire engasjement i dansekompania Villniss og Frikar og har dei siste fem åra vore tilsett som skodespelar og dansar ved Västanå Teater i Sverige under 6 produksjonar, til saman over 200 førestillingar. I 2016 vann ho Kongepokalen for sigeren i Vokal Klasse A under Landskappleiken i Vågå og musikken hennar byggjer på det tradisjonelle songmaterialet som finst i Hallingdal.